mandag 8. september 2008

Årets hyttetur!!

Eg ha hatt ei heilt fantastisk helg på Stolmen ilag med mange gode vener, gamle og nye. Eg har ikkje andre ord enn fantastisk og difor linkar eg berre til bloggane til Mari og Magnhild ! Tusen takk til adle for ei kjempe flotte helg, og spesielt takk til Endre for at me får lov te å invadera Stolmen aor itte aor :)

"Manda mårra blue(s)"

Idag vakna eg med hove unde dyna av at Mari ropa: "Monica, e du vaken, eg stikke no"...vaken og vaken, kan ikkje akkurat skryta pao meg det tenkte eg, og kjende at halsen min ikkje var særleg fornøgd med badinga i havet i jaormåro..dermed snudde eg meg rundt og sov vidare - bra start på den sårt trengte studiedagen min, mhm..



Kl. vise 10.00 på vekkarklokka, og eg ligg fremdeles under dyna og nedprioriterar å stå opp. Etter ein lang og god prat med mamma pao googelen e eg likevel klar for å ta fat på dagen.



Noken tima seinare har eg etter mykje didling klart å leggja "Det ukjente, om okkultisme og åndelighet i en ny tidsalder" på skrivebordet, men det er framleis langt igjen til eg kan kalla dette for ein matnyttige studiedag. Jaja, no skal eg ned på Rimien på middagsjakt og pakkehenting (endao meir pensum), før eg kan setja meg ned i ettermiddag og ta igjen noko av det eg skulle ha fått gjort iløpet av dagen. Mottoet for denna dagen må bli: "Du ska få ein dag i måro..."