tirsdag 17. februar 2009

Hjartesukk

Eg har no hatt nok ein arbeidsdag, og eg har iløpet av dagen fått gjort under halvparten av det eg hadde planar om. Grunnen til dette høver seg ikkje å sei høgt, men eg kan sei so mykje at det er latterleg evt. tragisk kor forskjellig arbeidsmoral ulike arbeidstakarar kan ha...

No sit eg i stova heime, ganske utkjørt (komisk,i og med at eg ikkje føler at eg har gjort noke i dag..) og lurer på om eg ska ta meg ein kjapp tur ut i snøen for å klarne tankane mine, men det er alltid hardt å komme seg ut..men eg ska nok komme meg ut til slutt;)
Ein blir ganske tom i hovudet av ein dag der ein har komme med sine hjartesukk til sjefen, som anktakelegvis ikkje blir teke til etterretning, men eg vel å håpa på forandring, viss ikkje får eg sjølv stå for å skapa forandring til det betre... Sukk, eg visste ikkje at det var slik det skulle bli å vera "vaksen"..ikkje at eg føler meg særleg vaksen,menmen...jeje - no ropar snøfnugga på meg, so no må eg komma meg opp av sofaen og ut av døra. Håpar de har hatt ein bra dag:)

mandag 16. februar 2009

Pausen over???

And we`re back...etter snart eit halvt år pause har eg no bestemt meg for at det er på tide å blogga igjen (alle blogghjerter gleder seg...(?)...) :)

Sidan sist er eg bjønt å jobba fulltid som programsekretær i Bergen K/M, Ynglingen. Eg tjenar peng, eg må leggja til rette mine eigne arbeidsdagar, eg har ingen som fortel meg korleis ein skal driva kristent barne- og ungdomsarbeid (ja,eg saknar forelesningane på NLA ein smule...) og dagane går altfor fort.

I helgi var eg med på Vinterfestivalen til Bjørgvin krets for første gong, og eg er mektig imponert over arbeidsinnsatsen og stå -på -viljen til arrangørane!!! all ære :)
Det kjekkaste for meg denne helgi var å bli betre kjend med Kmarar i kretsen og å sjå Wibke igjen. Det er dama med hjerte for Bergen og organisasjonen!!!

No er eg klar for ei ny arbeidsveke etter å ha teke ein dag fri for å lade opp att batteria etter ei lang og innhaldsrik veke og helg!! No gler eg meg til å legge meg å sova, sjølv om det stortsett det er det eg har gjort idag... god natta alle saman!! By the way, det er godt å vera attende:)