tirsdag 17. februar 2009

Hjartesukk

Eg har no hatt nok ein arbeidsdag, og eg har iløpet av dagen fått gjort under halvparten av det eg hadde planar om. Grunnen til dette høver seg ikkje å sei høgt, men eg kan sei so mykje at det er latterleg evt. tragisk kor forskjellig arbeidsmoral ulike arbeidstakarar kan ha...

No sit eg i stova heime, ganske utkjørt (komisk,i og med at eg ikkje føler at eg har gjort noke i dag..) og lurer på om eg ska ta meg ein kjapp tur ut i snøen for å klarne tankane mine, men det er alltid hardt å komme seg ut..men eg ska nok komme meg ut til slutt;)
Ein blir ganske tom i hovudet av ein dag der ein har komme med sine hjartesukk til sjefen, som anktakelegvis ikkje blir teke til etterretning, men eg vel å håpa på forandring, viss ikkje får eg sjølv stå for å skapa forandring til det betre... Sukk, eg visste ikkje at det var slik det skulle bli å vera "vaksen"..ikkje at eg føler meg særleg vaksen,menmen...jeje - no ropar snøfnugga på meg, so no må eg komma meg opp av sofaen og ut av døra. Håpar de har hatt ein bra dag:)

2 kommentarer:

Magnhild sa...

Det skal ikkje vere lett, Monica. Men det kan eg love deg at lærarlivet ikkje er heller... eg er i praksis no. skoleovertakelse... Utfordrande-mildt sagt.

Unknown sa...

Eg vil ikkje bli voksen!