onsdag 30. juli 2008

KRIG!!!

Eg har bestemt meg.... No er det full krig!!! mellom kem? Desse svina av nokre stikkande krypdyr, som har bestemt seg for å gjera sommaren ein smule mindre hyggleg for min del...:(
I dag tidleg vakna eg med ei "langetå"(den attmed storetåa..) i dobbel storleik, pluss eitt kleggstikk på låret som òg har hovna opp..:( Ikkje nok med det: I bilen på veg heim på lambhaug (har vore i viki nokon dagar, og ska tebake dit i ettermiddag, ska berre jobba litt først...) var det ei humle som gjekk å svima nedfor foten min, eg merka ikkje at ho var der før ho sette den stygge brodden sin i fotabladet mitt - jammen godt eg har fått allergitablettar!!! Buhu, eg slit litt i sommarvarmen og alle krypdyra den har med seg...

onsdag 23. juli 2008

Heilt på grensa (te galskap???)

I kveld set eg meg på nattbussen te Oslo. Kvifor? Jau, Mirjam fekk ein spontan og smule sprø ide her om dagen om at eg skulle bli med dei på ferie (sidan da ikkje skjer so mykje her heima...). Eg heiv meg på den med ein gong! Det einaste eg ikkje kom igang med md ein gong var vasking av kle. So no set eg å skriv bloginnlegg medan eg venta på at tørketrommelen ska bli ferdig... Eg fer altså te Oslo og vidare te Sverige, der me skal finna oss ei hytta ein eller annan plass, einaste kritere for ferien er sol, ergo forflyttar me oss dit ho er! Kanskje endar me opp ein heilt annan stad??? Veit nesten ingenting, og det er halve morroa med denne turen :) So, adios amigos, eg tek hatten min og fer over grensa, mot sola !!!
- og der va tørketrommelen ferdig...

søndag 20. juli 2008

"I det de døyper dei..."



Endeleg er det store oppdraget denne sommaren unnagjort, sjølv om det er no det store ansvaret tek til!! Alt gjekk smertefritt og stilt (!!!) for seg i kyrkja. Casandra sov i armane mine til alt var over, nesten, resten låg ho berre å kikte rundt seg og sutta på silkebanda på kjolen...


Me følte oss begge voldsomt fine i "dåsedn" våre, og håpa berre på at me klarte å smila fint på alle bildene (og det var nett ikkje faoe..) Ellers var det mykje god mat (fordelen med å gå i bunad e at det seier fortare stopp enn ellers) og kaffi og kake. Da vart ikkje noken tale, men da passa seg liksom alder å holda den..eg e no egentle gla te:) Det e berre eitt ord som er dekkande for dagen i dag, og det er: FANTASTISK!!!

lørdag 19. juli 2008

Happy bursdag!!!

-Her er eit bildebevis på at eg fekk mi eiga kake på 1.årsdagen min. Viss de lurer på kven eg tek fokuset frå, so er det Magny, eldste søstera mi og svoger Ove ;) -
Ja, då er eg runda 23...ikkje føler eg meg noko særleg eldre,og ikkje har eg skikkeleg "eg har bursdag i dag" følelse. Kanskje det har noko med at me styrer på med alt mogleg anna som skal skje, ikkje i dag men i morgon. Eg skal vera gudmor i dåpen til Casandra (har ikkje bestemt meg for om eg skal holda tale eller ikkje, den er heller ikkje skriven enno) og mamma og pappa styre med slektstreff i Viki...altså, utanom eit 20-tals hyggelege gratulasjons-smsar er det ikkje mykje som minner om bursdag. Heldigvis forbarmar Mirjam seg over meg og har lova meg pizza og laurdagskos ikveld, berre roen har senka seg og alt som må gjerast er gjort, dessutan veit eg at det vankar to store bursdagspakkar...:) Uansett, bursdag e bursdag, og eg kan godt lika det!! Stor klem frå bursdagsbarnet :)

mandag 14. juli 2008

Søk etter meg

Fredag 11.juli var eg på konsert i Johanneskirken. NMS har hatt Generalforsamling i Bergen 9-13. juli med temaet "Guds draum". Ole Paus og Anders Rønningen hadde i samband med dette laga ei forestilling med samme namn. Det som gjorde størst inntrykk på meg var tekstane. Les og kjenn på det sjøl :)
Søk etter meg
Søk etter meg i det minste jeg har skapt,
du finner meg lettest der.
Se deg ikke blind på stjernehimmelen over deg!
Visst er den vakker.
Visst er den umåtelig.
Ingen vet det bedre enn jeg!
Men tro bare ikke at det stanser der!
Tro bare ikke at jeg
ikke kan bedre enn som så!
Jeg sier: Søk etter meg i det minste jeg har skapt,
for det finnes et annet univers,
en annen himmel,
en større uendelighet.
Mer fjern enn den fjerneste stjernetåke
mer grenseløs enn evigheten,
og likevel kapslet inn i nærhet,
under en hinne av det usynlige!
Jeg skapte deg, mitt kjæreste liv på jorden,
for å speile grenseløsheten i meg selv.
Skjulte mønstre og fremmede bilder
møtes i deg og driver mot hverandre
og blir til
floder av ukjent skjønnhet
som flyter sakte gjennom fortid og fremtid.
Du bærer meg med deg i hvert eneste molekyl
av gåten som er deg,
du mitt elskede menneske.
Det skal mye kjærlighet til
for å skape noe så lite

lørdag 5. juli 2008

Draumedagar


Ingeborg som dansar medan storebror Sigurd spelar på "piano"(noko som ikkje er med i bildet...)

Denne veka har eg hatt ferie med stor F. Fekk bytta ei vakt på jobb,slik at eg kunne reisa heim og kosa meg med familie og vener!! Sola har skine fleire dagar, og endeleg kan eg ana at sommaren er komen på kroppen òg (i form av ein svak farge:). Me har hatt besøk av Stine og Emma, som nemnt i førre innlegg, det har vore kjempe kosleg! På torsdag feira me Ingeborg sin 1årsdag. Dette vart ein varm dag med feiring frå morgon til kveld, der pressedekninga var god (inkludert meg med mitt omtala Canon Ixus). Siste dagen heima på Lambhaug vart brukt til kos og shopping i Sogndal, på Sogningen saman med Mirjam og Casandra. Deretter bar det nedover til Bergen igjen, der ein ny laurdag med vigsler venta. Det som redda dagen i dag var nok at Solveig Slettahjell sang i den eine vigsla, ei songerinne eg er stor fan av, og ja, ho er ei svært hyggeleg dama som syng heilt fantastisk!! No sit eg på altanen og slappar av, og vurderar å ta fatt på den overgrodde hagen vår...men eg trur det må venta til over helga, for no sit næraste nabo ute og har stort selskap (til stor lettelse for den mørbanka kroppen til mon:)...I morgon skal eg vera i gudstjeneste, og ha resten av dagen friiiii..dermed håpar me på sommar og sol i morgon og!! Nyt sommaren folkens, det gjer hverfall eg!!!



"Ke e da so skjer??? Ha da rabla for heile gjengen no??"