lørdag 19. juli 2008

Happy bursdag!!!

-Her er eit bildebevis på at eg fekk mi eiga kake på 1.årsdagen min. Viss de lurer på kven eg tek fokuset frå, so er det Magny, eldste søstera mi og svoger Ove ;) -
Ja, då er eg runda 23...ikkje føler eg meg noko særleg eldre,og ikkje har eg skikkeleg "eg har bursdag i dag" følelse. Kanskje det har noko med at me styrer på med alt mogleg anna som skal skje, ikkje i dag men i morgon. Eg skal vera gudmor i dåpen til Casandra (har ikkje bestemt meg for om eg skal holda tale eller ikkje, den er heller ikkje skriven enno) og mamma og pappa styre med slektstreff i Viki...altså, utanom eit 20-tals hyggelege gratulasjons-smsar er det ikkje mykje som minner om bursdag. Heldigvis forbarmar Mirjam seg over meg og har lova meg pizza og laurdagskos ikveld, berre roen har senka seg og alt som må gjerast er gjort, dessutan veit eg at det vankar to store bursdagspakkar...:) Uansett, bursdag e bursdag, og eg kan godt lika det!! Stor klem frå bursdagsbarnet :)

5 kommentarer:

Anja sa...

Du ska få pakka ao meg og altso, må berra summa meg litt først! ;)

Mari sa...

Hehe, det der er eit so fantastisk bilete! Men du var no skjønn, ikkje rart du stal showet, sjølv frå eit flott brudepar.
Eg håpar du hadde ein fin kveld i alle fall - og det er nok slik at gebursdagar kjennest mindre viktige etterkvart. Det handlar om å feira seg sjølv - og det kan ein gjer alle dagar i året meinar no eg :-)
Fin dåp i dag?

Mari sa...

Eg likar forresten at du har sett lenkjene til bloggane under overskrifta "gode bloggarar". Det stiller litt krav til oss...

Monica sa...

hehe..ja no var da ikkje meint som eit hint also anja..men pakka e no alltid stas, uansett ke gammal ein blir!!! Dåpen i dag var fantastisk, alt gjekk so bra,og Casandra kosa seg i fanget mitt, sov gjennom heile gudstenesta;) tante Monica veitu..tihi..
Bra du tygte om lenkja mi Mari! Må sei eg likar at de e so flinke te å kommentera på innleggi mine!

Anja sa...

Eg for min del, sakna onga følelsen..du veit, når du våkna om måron å berra veit at da venta pakka og moro! No e da berra jag..å bli "voksen" suge..

Men kjekt å høyra dåpen gjekk bra, fine bilde!! :)