lørdag 5. juli 2008

Draumedagar


Ingeborg som dansar medan storebror Sigurd spelar på "piano"(noko som ikkje er med i bildet...)

Denne veka har eg hatt ferie med stor F. Fekk bytta ei vakt på jobb,slik at eg kunne reisa heim og kosa meg med familie og vener!! Sola har skine fleire dagar, og endeleg kan eg ana at sommaren er komen på kroppen òg (i form av ein svak farge:). Me har hatt besøk av Stine og Emma, som nemnt i førre innlegg, det har vore kjempe kosleg! På torsdag feira me Ingeborg sin 1årsdag. Dette vart ein varm dag med feiring frå morgon til kveld, der pressedekninga var god (inkludert meg med mitt omtala Canon Ixus). Siste dagen heima på Lambhaug vart brukt til kos og shopping i Sogndal, på Sogningen saman med Mirjam og Casandra. Deretter bar det nedover til Bergen igjen, der ein ny laurdag med vigsler venta. Det som redda dagen i dag var nok at Solveig Slettahjell sang i den eine vigsla, ei songerinne eg er stor fan av, og ja, ho er ei svært hyggeleg dama som syng heilt fantastisk!! No sit eg på altanen og slappar av, og vurderar å ta fatt på den overgrodde hagen vår...men eg trur det må venta til over helga, for no sit næraste nabo ute og har stort selskap (til stor lettelse for den mørbanka kroppen til mon:)...I morgon skal eg vera i gudstjeneste, og ha resten av dagen friiiii..dermed håpar me på sommar og sol i morgon og!! Nyt sommaren folkens, det gjer hverfall eg!!!



"Ke e da so skjer??? Ha da rabla for heile gjengen no??"

2 kommentarer:

Mari sa...

Stakkar, litt nervøs for dette med gebursdag ser det ut som...

Monica sa...

nja, det var vell helst den "lyssprute-tingen" på kaka som gjorde susen tenke eg...;P