lørdag 17. oktober 2009

Forandring FRYDAR!!

Jess, då er det ca eitt år sidan førre innlegg. Eg ser at eg i dette innlegget har vore dårleg på å skjula frustrasjonen min...og sagt at eg må stå for forandringane sjøl. Etter 3 mnd. vekke frå Bergen og jobben på korskirkeallm. klarte eg å forandra på tingenes tilstand (eg fekk nok rett i at eg måtte stå for det sjøl..) Eg søkte rundt omkring på ulike jobbar i barnehagar, og eg var so heldig at eg fekk tilbod om jobb frå Skjold:) Her har eg no vore i full jobb sidan 3.august, og eg har det framleis knallmoro på jobb. Eg er blitt ordentleg gla i ungane "mine" og dei superdyktige kollegane mine!!!! Endeleg kan eg vera den monicaen eg er meint å vera, gla, positiv og proppfull av energi og spilloppar!! Nyte kvardagane, nyte helgane, ja, nyte livet rett og slett :)

Fred ut.

tirsdag 17. februar 2009

Hjartesukk

Eg har no hatt nok ein arbeidsdag, og eg har iløpet av dagen fått gjort under halvparten av det eg hadde planar om. Grunnen til dette høver seg ikkje å sei høgt, men eg kan sei so mykje at det er latterleg evt. tragisk kor forskjellig arbeidsmoral ulike arbeidstakarar kan ha...

No sit eg i stova heime, ganske utkjørt (komisk,i og med at eg ikkje føler at eg har gjort noke i dag..) og lurer på om eg ska ta meg ein kjapp tur ut i snøen for å klarne tankane mine, men det er alltid hardt å komme seg ut..men eg ska nok komme meg ut til slutt;)
Ein blir ganske tom i hovudet av ein dag der ein har komme med sine hjartesukk til sjefen, som anktakelegvis ikkje blir teke til etterretning, men eg vel å håpa på forandring, viss ikkje får eg sjølv stå for å skapa forandring til det betre... Sukk, eg visste ikkje at det var slik det skulle bli å vera "vaksen"..ikkje at eg føler meg særleg vaksen,menmen...jeje - no ropar snøfnugga på meg, so no må eg komma meg opp av sofaen og ut av døra. Håpar de har hatt ein bra dag:)

mandag 16. februar 2009

Pausen over???

And we`re back...etter snart eit halvt år pause har eg no bestemt meg for at det er på tide å blogga igjen (alle blogghjerter gleder seg...(?)...) :)

Sidan sist er eg bjønt å jobba fulltid som programsekretær i Bergen K/M, Ynglingen. Eg tjenar peng, eg må leggja til rette mine eigne arbeidsdagar, eg har ingen som fortel meg korleis ein skal driva kristent barne- og ungdomsarbeid (ja,eg saknar forelesningane på NLA ein smule...) og dagane går altfor fort.

I helgi var eg med på Vinterfestivalen til Bjørgvin krets for første gong, og eg er mektig imponert over arbeidsinnsatsen og stå -på -viljen til arrangørane!!! all ære :)
Det kjekkaste for meg denne helgi var å bli betre kjend med Kmarar i kretsen og å sjå Wibke igjen. Det er dama med hjerte for Bergen og organisasjonen!!!

No er eg klar for ei ny arbeidsveke etter å ha teke ein dag fri for å lade opp att batteria etter ei lang og innhaldsrik veke og helg!! No gler eg meg til å legge meg å sova, sjølv om det stortsett det er det eg har gjort idag... god natta alle saman!! By the way, det er godt å vera attende:)

mandag 8. september 2008

Årets hyttetur!!

Eg ha hatt ei heilt fantastisk helg på Stolmen ilag med mange gode vener, gamle og nye. Eg har ikkje andre ord enn fantastisk og difor linkar eg berre til bloggane til Mari og Magnhild ! Tusen takk til adle for ei kjempe flotte helg, og spesielt takk til Endre for at me får lov te å invadera Stolmen aor itte aor :)

"Manda mårra blue(s)"

Idag vakna eg med hove unde dyna av at Mari ropa: "Monica, e du vaken, eg stikke no"...vaken og vaken, kan ikkje akkurat skryta pao meg det tenkte eg, og kjende at halsen min ikkje var særleg fornøgd med badinga i havet i jaormåro..dermed snudde eg meg rundt og sov vidare - bra start på den sårt trengte studiedagen min, mhm..



Kl. vise 10.00 på vekkarklokka, og eg ligg fremdeles under dyna og nedprioriterar å stå opp. Etter ein lang og god prat med mamma pao googelen e eg likevel klar for å ta fat på dagen.



Noken tima seinare har eg etter mykje didling klart å leggja "Det ukjente, om okkultisme og åndelighet i en ny tidsalder" på skrivebordet, men det er framleis langt igjen til eg kan kalla dette for ein matnyttige studiedag. Jaja, no skal eg ned på Rimien på middagsjakt og pakkehenting (endao meir pensum), før eg kan setja meg ned i ettermiddag og ta igjen noko av det eg skulle ha fått gjort iløpet av dagen. Mottoet for denna dagen må bli: "Du ska få ein dag i måro..."

onsdag 27. august 2008

:(

Det regna i byn i dag. Eg e ikkje heilt i lodd. Men: Mari laga middag, trur det e meksikansk gryte, og Lene kjem på filmbesøk seinare i kveld. Før den tid skal eg støvsuga og vaska, merka at alt dette vege opp for det dårlege vèret, og godt e det. Var nett inne på yr.no....det lova ikkje bra på langtidsvarselet, av dei neste ti dagane er det kun morgondagen som ser lovande ut,med lita sol bak ei kvit sky og 14 grader på målestokken. So folkens : Nyt morgondagen, og finn fram ekspresskakaoen og ullteppe i kveld ;)

"Deg å få skode...."

Denne salmen ha plaga meg i heile dag...kefør? Jau, det vise seg nemle at førelesaren min i Religion dette semesteret er Arve Brunvoll!!! Ke kuult ekje da??

(ok, dette e mitt nerdete innlegg denne hausten, trur eg...)