mandag 30. juni 2008

Vi har ei gamal tante...






Og det har eg vore heile livet, eg er bokstaveleg talt den fødde tante :) Dagen idag har vore ein fin dag,saman med to av totalt 9 av tanteborna. Men det kjekkaste denne dagen var nok å helsa på Emma,grandtantebarnet (snakk om å oppfylla sangteksten,les:overskrifta). Me har leika i dokkestovao, hoppa på trampoline, vore på butikken og hatt "handlekorg-race", ete jordbær og kjeks til gull og trylla kvarandre vekk,åsso tilbake igjen heldigvis...;)

lørdag 28. juni 2008

Ny jobb

I dag (eller ijaor,ifølgje klokka) fekk eg ny jobb!!!! Gjett om dette har vore nokon pinefulle dagar... Frå 1.august er Ynglingen plassen..hurra, ja og stillingen er Programsekretær ;)

torsdag 26. juni 2008

Nytt kamera = nye (eigne) bilder...

Jess, då har eg skaffa meg eit flunkande nytt Canon Ixus 80IS! Dette er noko som tilseier at det er slutt på mas og jag frå meg til alle andre om å få bilete frå ting eg har vore med på.... kan rett og slett dokumentera mine små krumspring og sprang utan hjelp frå nokon andre :) Uansett, det er stas med nytt kamera, fint og "snedde" er det og!! Berre velstand altså. No gjenstår det berre å lese brukarmanualen (as if..) og komme igang med takningane.. Kanskje syner det igjen her;)

Draumelandet

Ja, då har eg endeleg skaffa meg mitt eige hjørne i den store bloggarverda. Kan ta litt tid før eg blir vant til dette, men skal gjera so godt eg kan :) Set pris på alle tips,vink og hjelp eg kan få!!