torsdag 7. august 2008

Dei første dagane i ny jobb

Pulsen var nok høgare enn vanleg då eg vakna mandagsmorgon, kl. 0700 (vart ein del gjesping i løpet av dagen..). Eg kom meg opp, kledde meg skappeleg (noko mamma alltid påpeikar e viktig når ein skal (re)presentera seg sjølv, noko ein sjølvsagt gjere første dagen i nye jobb (eventuelt kvar dag) :)


Eg stilte meg opp framfor kontordøra, klokka var 0855, og eg var klar te å starta dagen! Eg banka på døra, venta litt, banka endå ein gang, ingen kom....So, kva gjer eg no tenkte eg...eg venta kanskje eit kvarter,tjue minuttar før Håkon dukka opp...


Forutan om den litt uventa starten har eg hatt nokon fine dagar. Har starta kvar morgon med kaffi (stort +) og hatt koslege lunsjpausar...dette får det til å virka som om det er pausane eg sett mest pris på, men akkurat no er det dèt å bli kjendt med dei eg skal jobba saman med som er viktig. Eg har gjort litt andre ting og, for det meste inneber dagane i å finne ut kven som er kven, ansvar for kva? kontakta dei som har ansvar for kven og kva...jeje - dagane har ikkje vore lange enno, men skuldast gjerne i at mange framleis er på ferie og er vanskeleg å få tak i...eg får heller komma tilbake til kva evt.kven eg jobbar med når eg er blitt litt meir kjendt - men konklusjonen er : Det er kjekt å jobba i K/M, og det er ganske sprøtt å vera i fast jobb ;)

2 kommentarer:

Mari sa...

ja, det er sprøtt at du er i fast jobb...
Men det høyrest no ut som du trivst enno - eg gler meg so til å få ta del i denne jobben, gjennom dine rapportar frå kontoret og felten :-)

Monica sa...

det e bra!! eg ha allerede brukt opp litt av tabbekvoten min, men eg håpar dei ser litt gjennom fingrane på det:) Gler meg te du kjemme heimatte eg og no!!